hjelp. Det kommunale føretaket
Innvandrarsenteret i Florø er delt inn
i tre einingar: asylmottak med 190
plassar, integreringsavdeling og vaksenopplæring.
Alle statlege midlar som følgjer asylsøkjarane
og flyktningane, går gjennom
Innvandrarsenteret. Omsetnaden
er på om lag 65 millionar kroner
årleg. Etter at senteret hadde betalt
nesten 12 millionar for kommunale
tenester som til dømes barnehage,
skule og helsetenester, sat dei i 2015
igjen med eit overskot på 6,4 millionar
som dei overførte til kommunen.
Vaksne flyktningar som blir busette,
skal gjennom eit obligatorisk
introduksjonsprogram på normalt
to år. Den viktigaste delen av programmet
er norskkurs med samfunnsfag.
Innvandrarsenteret i Flora
«Me ynskjer at flyktningane
skal trivast, klare seg sjølve
og bli ein del av våre
varige innbyggjarar»
Arild Melvær, dagleg leiar av Innvandrarsenteret
Fagbladet 5/2016 < 31
– Innvandrarsenteret har lang erfaring
og høg kompetanse. Dessutan
er næringslivet og kommunen open
for å gje språkpraksisplassar, seier
han. Nygård er sjølv dagleg leiar av
ein liten bedrift med ni tilsette, og
dei har ofte inne innvandrarar som
treng språk- og arbeidspraksis.
Varaordføraren meiner det er ein
stor fordel at Innvandrarsenteret
vert driven som eit kommunalt føretak.
– Det gjev oss betre styring slik at
me kan bruke pengane på kommunale
tenester ettersom behova endrar
seg. Viss det til dømes er mange
spedbarn blant innvandrarane,
bruker me meir på helsestasjonen,
eller vi set inn ekstra ressursar til
assistentar i skulen dersom mange
skuleborn har innvandrarbakgrunn.
tilbyr fleire timar i mindre grupper enn
det norsktilskotet finansierer. Dei tilbyr
også grunnskuleundervisning i
andre fag til flyktningar med liten
skule gang, sjølv om dei ikkje får stat-
lege tilskott til dette.
Nyttar pengane der det trengst
Jan Henrik Nygård, varaordførar frå
Venstre, meiner flyktningane som
kjem til Flora, blir teke hand om på
ein særs god måte.
GODT INTEGRERT:
Kalaivani Vithiyananthan
kom til Norge på
familie-foreining. No
har ho fagbrev i
reinhald og har slått
rot saman med
familien.
fbaargang2016 fbseksjonSAM