I tillegg til at Miljøgruppa tek ansvar for felles
aktivitetar, prøver dei også å dra med seg
kollegaer slik at alle tør å ta initiativ når det
trengs.
– Viss me ser at nokon sit og kjedar seg, då skal
vi vere der med eit tilbod, meiner Monica
Nordahl Pedersen.
Når ein av bebuarane treng stimuli, kan dei
tilsette gripe til permen Miljøgruppa har laga for
å samle gode idear. Her finn dei tips om trim,
leikar, songar og hovudbry.
Som trim av hovudet er quiz vorte særs
populært. Også for dei tilsette kan leiken by på
overraskingar; som den gongen det vart spurt
om kva ei kvige er for noko. «Ei ugift ku», svarte
ein av deltakarane.
INGEN MÅ PÅ DO
Alle som er med i Miljøgruppa, er samde om at
det er moro å førebu og gjennomføre aktivitetar.
Difor kjem dei på dugnad når dei har fri. Dei ser
også ein stor fordel i at dei alle har fått utvida
nettverket sitt på jobben. Men det er jo ikkje for
si eiga skuld dei driv på. Det er først og fremst for
å skape gode stunder for bebuarane.
– Å få oppleve noko moro varmar sjela. Me ser
at dei verkeleg koser seg – og ingen må på do når
dei er engasjerte, seier Monica Nordahl
Pedersen.
Hjelpepleiaren og dei andre i gruppa tenkjer
mykje på korleis dei sjølv ønskjer å ha det når
dei blir gamle.
– For meg er det ei rettesnor.
JOBB / AKTIVITET PÅ SJUKEHEIMEN
KVALIFISERTE FOR Å SKAPE LIV
Heile 12 av dei tilsette på Nome sjukeheim har
teke Demensomsorgens ABC, eit kurs utarbeidd
ved Nasjonalt kompetansetjeneste for aldring og
helse. Deretter heldt dei fram med oppfølgingskurset
Miljøbehandling. Slik skaffa dei seg
kunnskap om vanlege sjukdommar blant
bebuarar på sjukeheimar. Dei fekk også
kompetanse på å drive med aktivitetar som
passar for den einskilde bebuar. Kursa tok dei
over to år, delvis i arbeidstida og delvis på fritida.
FORSKJELL PÅ FOLK: - Det
er viktig at eg veit kva
som interesserer
bebuarane, seier Merethe
Huseby. Saman med Karen
Throntveit finn ho gjerne
fram strikketøyet.
UT PÅ TUR: Linda Berg Ihlen (bak), Grethe Lona og
Marie Jane Simonsen kan ta med bebuarar på
sykkeltur etter at Miljøgruppa samla inn over 100.000
kroner så sjukeheimen kunne kjøpe to elektriske
syklar.
GODT KAST: Hans Jørgen Aandal har dreisen på ringane. Gladdy Omtvedt og Ruth
Halvorsen er like spente på kor ringen skal treffe.
16 ~ FAGBLADET | 4 | 2017 |
fbaargang2017 fbseksjonpdf