74 ~ FAGBLADET | 9 | 2017 |
PÅ VEG TIL HEILTID: Elin
Refsnæs, Ingrid Aune og
Line Johnsen har ei felles
hjartesak i fulle, faste
stillingar. – Dei som
arbeider deltid har aldri
heilt fri, seier Line
Johnsen.
Etter at Ingrid Aune byrja som ordførar,
arrangerte kommunen tre samlingar for heile
leiinga i kommunen. Tema var sjukefråver,
trepartssamarbeid og heiltidskultur.
– Politikarane i Malvik er no samde i målet om
meir heiltid – mellom anna fordi det vil betre
kvaliteten på tenestene, seier ho.
Da tillitsvalde og politikarar bestemte seg for
å gå laus på deltidsuhyret, la dei hovuda i blaut.
Resultatet vart ein stillingsbank der alle tilsette
kunne leggje inn opplysningar om kor stor
stilling dei hadde, og kor mykje dei ønskte å
arbeide. Når kommunen lyser ut ei ny stilling,
sjekkar personalavdelinga alltid om nokon i
stillingsbanken passar.
Til no har 45 tilsette sendt inn ønske om full
stilling. 14 har fått oppfylt ønsket, medan seks
har fått noko høgare stilling.
INGA ENKEL LØYSING
Line Johnsen og Ingrid Aune er samde om at
det er svært vanskeleg å skaffe full stilling til alle
i pleie- og omsorgssektoren. Ikkje nok med at
helgearbeid
er ei utfordring. I Malvik har dei eit
ekstraproblem fordi kommunen i mange år har
nytta korte vakter.
– Ei anna side ved saka er at mange tilsette
ikkje kan eller vil arbeide full tid, seier Line
Johnsen. Andre vil ikkje arbeide fleire stader.
Grunnane til deltid er komplekse. Derfor finst
det heller inga enkel løysing.
– Det einaste som er sikkert i dette arbeidet, er
at du treng mykje tolmod, seier Fagforbundets
leiar i Malvik.
FULL STILLING ETTER 25 ÅR
Tolmodet til Alma Fossen (55) var nær ved å ta
slutt da ho etter 25 år i pleie- og omsorgstenesta
endeleg fekk full stilling i april i år. Tre månader
før hadde ho kjøpt sin første bolig. Før det leigde
ho.
– Eg har alltid tatt ekstravakter og derfor
arbeidd full tid, så eg tener ikkje meir no. Men eg
veit når eg har fri, seier ho.
Alma seier at det ikkje har vore lett å få full
stilling, og at ho føler ho har ført kampen aleine.
– Men no slepp eg endelig å jakte på ledige
vakter, og kan senke skuldrene.
MELLOM OSS / HEILTID I MALVIK
fbaargang2017 fbseksjonFEL