KulturministerThorhild Widvey (H)
Vi ynskjer at alle
born og unge i Noreg
får oppleve engasje-
rande kunst og kultur
av høg kvalitet.
Me ynskjer eit tett samarbeid med
profesjonelle kunstnarar om dette.
Eit flott døme er Den Norske Opera
og Ballett sitt samarbeid med fire
osloskular om ei framsyning for
femteklassingar. Tenk for ei
opp leving det er for borna å få setje
opp ein opera! Det er viktig at born
og unge får høve til å delta sjølve,
både dei som seinare vil bli
profesjonelle kunstnarar, og dei
som vil ha kunst og kultur
som ein kjær hobby. Kunst
og kultur er til glede og
nytte heile livet.
Ikkje minst for dei aller
yngste.
- Kvifor er
kultur formidling
for barn viktig?
Vi ynskjer at alle
born og unge i Noreg
får oppleve engasje-
rande kunst og kultur
av høg kvalitet.
Me ynskjer eit tett samarbeid med
profesjonelle kunstnarar om dette.
Eit flott døme er Den Norske Opera
og Ballett sitt samarbeid med fire
osloskular om ei framsyning for
femteklassingar. Tenk for ei
opp leving det er for borna å få setje
opp ein opera! Det er viktig at born
og unge får høve til å delta sjølve,
både dei som seinare vil bli
profesjonelle kunstnarar, og dei
som vil ha kunst og kultur
som ein kjær hobby. Kunst
og kultur er til glede og
nytte heile livet.
Ikkje minst for dei aller
yngste.
- Kvifor er
kultur formidling
for barn viktig?
Barnehagen
der
løva
bestemmer
L
L
øvelova og den fargerike løvebamsen,
som barnehagen brukar i all form for
sosialt samspel og konfliktløysing, er
henta frå programmet Være Sammen. Det
er forfattar, salmediktar og kulturarbeidar
Eyvind Skeie som utvikla opplegget, som
starta opp i 2010. Han engasjerte vidare
Torhild Roland Vetvik til å leie arbeidet, der
meininga er å gje barnehagane ein solid
plattform som viser korleis samspelet mel-
lom vaksne og born bør vere.
Det er ikkje noko revolusjonerande i dette
programmet. Dette handlar først og fremst
om å auke kompetansen om dei grunn-
leggande verdiane i barnehagen. Det er
viktig at opplegget er eit kompetanseløft for
alle tilsette i barnehagen, og at det er laga
materiell for både borna og foreldra, seier
Vetvik.
Å setje grenser
Være Sammen fokuserer på den autoritative
vaksenrolla, der den vaksne set klare grenser
og ikkje blir ettergivande eller forsøm-
mande. I tillegg set dei søkjelyset på det
medverkande barnet, empatiutvikling og
sosial kompetanse. Være Sammen er ikkje eit
program i tradisjonell forstand, men handlar
om implementering av grunnleggjande
haldningar i barnehagen.
Målet er at barnehagen skal arbeide på
eit systemnivå samstundes som dei aukar
kompetansen hjå kvar enkelt tilsett, noko
som gjev barnehagen ein felles pedagogisk
plattform. Senter for åtferdsforsking har
stått for den faglege tilrettelegginga av
kompetanseløftet og er evaluert av Universi-
tetet i Agder. Kunnskapsdepartementet var
også inne med støtte til programmet, slik at
ein kunne starte opp eit pilotprosjekt med
utvalde barnehagar.
Dette er eit enkelt opplegg som er
mogleg å realisere i ein travel kvardag. Dei
tilsette får eit felles språk dei kan nytte i
sosiale samanhengar med borna, og ein
felles plattform å arbeide ut ifrå. For oss er
det viktig at dette ikkje er eit prosjekt. Dette
har ingen sluttdato, dette er noko barne-
hagane må ta med seg vidare i kvardagen,
meiner Vetvik.
fbaargang2014 fbseksjonKIR