64 ~ FAGBLADET | 8 | 2017 |
E-POST: DEBATT@FAGBLADET.NO
SPRÅKPOLITIKK
Språk er makt
Fagforbundet er det suverent
største LO- forbundet
i landet og Fagbladet
difor truleg og det mest
lesne fagbladet.
Fagforbundet sin medlemsbasis
og virkefelt er
kommunesektoren. Kommunesektoren
er kjempestor,
vedkjem alle og forvaltar
enorme offentlege
ressursar på vegne av oss
alle. Dette skjer gjennom
folkevalde styrte institusjonar
og organ: kommunane,
fylkeskommunane
inkludert vidaregåande
skular, ambulansetenester,
kommunesamarbeid
av ulike slag som kommunale
og interkommunale
selskapsdanningar av ulik
valør.
I landet er det to likestilte
norske språk; bokmål
og nynorsk. Pr. dato er
113 av dei norske kommunane
og 4 av fylka med i
Landssamanslutninga av
nynorskkommunar
(LNK).
Om det og er nynorskkommunar
som ikkje er
med i LNK, veit eg ikkje.
Faglaga er primært til
for å ivareta medlemene
sin rettar, men og legga til
rette for at folk skal vera
best mogeleg skikka til å
gjera ein god jobb for fellesskapet.
Godt og klart
språk på jobben er eit slikt
element. I realiteten er det
slik bokmålet har ei dominerande
stilling og som vi
alle dusjar i dagleg. Bruk
av nynorsk i det offentlege
rommet er ein språkleg
rett og er i dag langt meir
eit identitetsmerke og eit
kulturpolitisk standpunkt
som går ut over det å forstå/
ikkje forstå.
Dei tilsette i nynorskkommunane
skal bruka
nynorsk enten dei vil
eller ikkje, slik tilsette i
bokmålskommunane må
bruke bokmål. I tillegg
kjem dei språknøytrale
kommunane.
Eg reknar det er i eit
fagforbund si interesse
å medverka til at medlemene
skal verta habile
og fagleg kompetente.
Godt språk skriftleg er ein
grunnkompetanse enten
ein skriv med blyant, penn
eller på skjerm. Det er
mange i kommunenorge
som treng å utrykka seg på
nynorsk i jobbsamanheng.
Dette er og personar som
treng støtte og føredøme
gjennom redaksjonelt
fagstoff på nynorsk i form
av artiklar, reportasjar,
portrettintervju, faste
spalter m.m.
Nynorskbrukarane i
kommunenorge treng
språkleg stød og gode føredøme
i tidsaktuelle tekstar
som speglar deira kvardag.
Det har vore total mangelvare
i Fagbladet over lang
tid . Det einaste unntaket i
mange nummer på rad er
ein ein og eit eit i kryssordet
under stikkordet
!
Derfor var det særskilt
gledeleg, oppmuntrande
og løfterikt at det i nummer
5 var ein flott og frisk
reportasje frå Lustrabadet
med gode bilete og velskriven
tekst – på nynorsk!
Takk og takk . Slike reportasjar
vil vi ha meir av
– og sleng gjerne på ei fast
spalte på nynorsk og!
Fagbladet har eit ansvar
for å ivareta språkleg
mangfald og språklege
rettar og plikter hos medlemene
sine. Då kan de
ikkje lenger neglisjera alle
dei medlemene som har
trong for stød og føredøme
og har behov for å
uttrykka seg godt og klart
på nynorsk som offentlege
tilsette.
Elles viser eg til LOkongressen
sitt offensive
vedtak om å arbeida for
reell språkleg likestilling,
noko som må gi seg utslag
i praksisen til landet sitt
største LO-forbund – og
som i tillegg har svært
mange medlemer som
treng å uttrykka seg skriftleg
på god og moderne
nynorsk i yrkeslivet sitt.
Harald Jordal, Odda,
medlem sidan 1977
FOTO: COLOURBOX
fbaargang2017 fbseksjonFEL